Det er venta nedbør og opp i storm i fjellet sundag, og det er venta sterk vind allereie laurdag kveld.
No oppmodar meteorologane folk til nytte dei som framleis ferier i fjellet til å nytte den nest siste vinterferiedagen til å kome seg heim.
— Krevjande å køyre
— Køyr ned får fjellet så fort som mogeleg. Frå laurdag kveld og utover på sundag blir det krevjande å køyre bil, seier meteorolog Beate Tveita til TV2.
Det er venta størst trafikale problem på fjellovergangane ved Haukeli, Hardangervidda, Hol-Aurland og Hemsedalsfjellet.
— Dei som har planlagt ein siste fin skitur sundag bør også revurdere planane. Vêret i seg sjølv gjer det ikkje forsvarleg å leggje ut, i tillegg til at snø og vind aukar skredfaren, legg Tveita til.
Vêrvarselet
Her er vêrvarselet for fjellet i Sør-Noreg frå yr.no:
Laurdag:
Austleg frisk bris, frå utpå ettermiddagen stiv kuling utsette stadea, i kveld auke til sterk kuling, først i sør. For det meste skya og spredd snø i aust, elles delvis skyet, stort sett oppholdsvær. Økende nedbør søraust i Langfjella i kveld.
Sundag:
Aust og søraust vind, opp i sterk kuling til liten storm utsatte steder. Snø i Langfjella, mest i aust. Elles litt snø, men lite eller ingen nedbør lengst i vest og nord.
Måndag:
Søraust og øst sterk kuling utsette stadar, minkande måndag morgon til frisk bris. Første del av dagen skya og litt snø i Langfjella, elles lettskyet oppholdsvær.