Stakk frå menn og barn
Plutseleg ein dag fekk tre husmødrer nok av både masete ungar, svoltne menn, klesvask og middagsførebuingar. Dei pakka kofferten og rømde til Syden. Og når far skal stelle heimen, kan det fort gå i stå.
Måndag var kinosalen på Skakkesenteret bort i mot fylt til siste sete, då elevar frå både Enge og Skånevik skule hadde benka seg til for skuleførestillinga av teaterstykket Mennene som skulle stelle hjemme. Ei teateroppsetting av elevar i Etne kulturskule, som hadde premiere for fullt hus sist laurdag, med førestilling også på søndag. Handlinga kan minna mykje om tv-serien Da damene dro, om husmødrer som slepp det dei har i hendene og reiser til Syden på dametur.
— Me har øvd sidan oktober i fjor, og det har til tider vore litt kaotiske tilstandar. Det er ein fin gjeng, men det har vore mykje energi. Så om det til tider har vore litt utfordrande, har det også vore veldig kjekt, seier kulturskulelærar innan teater, Christina Sørnsen.
Når berre skuleførestillinga gjenstår, konkluderer ho med at ho er ufatteleg stolt av gjengen. Ikkje berre av prestasjonane på scenen, men også kor flinke dei har vore i mellom alle sceneskift, når kostymer skal bytast i ein fei og mikrofon-myggar skal på plass. 22 skodespelarar er med på scenen i saman med fem musikarar frå kulturskulen. At dei kan skilta med live band på scenen er også noko dei ikkje har gjort før i ei oppsetting.