Leiar i Norges Bondelag,Lars Petter Bartnes følte seg provosert over tilbodet frå Staten og innsåg at det var uråd å få til ein avtale med staten.Pressefoto
Bøndene reagerer sterkt
Regjeringa tilbyr bøndene 410 millionar kroner. Av desse er 177 millionar budsjettstøtte. Bøndene har kravd til saman 1,45 milliardar. Nå går partane i forhandlingar, bondeorganisasjonane og staten, og skal etter planen vera i mål to dagar før nasjonaldagen.
Blant bøndene er det stor skuffelse.
— Regjeringa viser ingen vilje til å følgja opp Stortinget sin vedtatte landbrukspolitikk og svarar ikkje på dei største utfordringane i norsk landbruk, seier ein skuffa Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag i ei pressemelding, etter å ha fått overlevert staten tilbod i jordbruksoppgjeret fredag føremiddag.