Får midlar mot barnefattigdom
Etne kommune er blant 232 kommunar i landet som er tildelt midlar frå Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.
Til saman 193 millionar kroner er fordelte ut over landet i arbeidet mot barnefattigdom. Medan Vindafjord ikkje er blant kommunane på tildelingslista, får Etne 98.000 kroner. Kenneth Karlsen i Etne Frp er glad for at kommunen kan vera med å hjelpa dei vel 98.000 barna i låginntektsfamiliar i Noreg.
— Difor er eg glad for at regjeringa i år til samen tildeler 188 millionar nasjonalt til dette føremålet, og at Etne skyttarlag i vår kommune mottar 75.000 kroner av denne tildelinga. Dette er midlar som kjem dei svakaste til gode, og kan utgjera ein betydeleg forskjell for dei det gjeld, uttaler Karlsen.
Han trur at mange ikkje tenkjer over at barnefattigdom er eit stort problem i Norge i 2017, men at dette likevel noko som berører oss alle.