Mange tok turen over Fikse
Det flotte solskinet lokka både små og store ut på tur då opninga av den nye turvegen mellom Etne og Ølen vart markert med både turmarsj, løp og stafett.
— Dette er blitt ei veldig fin løype som er blitt godt markert. Den brukar me ofte, og i dag satsar me på å gå heilt inn til Etne, seier Reidun Østenstad som sette av laurdagen for å bli med på markeringa av den nye turvegen mellom Meland i Etne og Steinbru i Ølen.
Ho har tatt familien med seg på Grannarmarsjen og denne dagen skulle dei gå heilt frå SK Bank Stadion i Ølen til Etne Stadion, ei strekning på til saman 12,3 kilometer. Sjølve turløypa mellom Meland og Steinbru er på 6,6 kilometer, men i dag blir turen litt lenger. Om lag 150 store og små stilte til start i solskinet, og dei som ikkje ynskte å gå for eigen maskin begge vegar kunne nytta seg av det gratis busstilbodet frå Suldal Billag.
Tempo til turdeltakarane varierte stort undervegs. Medan enkelte gav full gass heilt frå start, valde andre å ta det litt meir med ro og la inn småstoppar og kaffipausar langs ruta.