Litledalsvegen 330 er overdrege for 5,5 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune til Knut Flatebø. Handelen omfattar blant anna to bygningar (nedst på bildet) som var ein del av Etne vgs.Arkivfoto: Espen Mills/etnebilder.no
Litledalsvegen 330 er overdrege for 5,5 millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune til Knut Flatebø. Handelen omfattar blant anna to bygningar (nedst på bildet) som var ein del av Etne vgs.

Seld for nær ni millionar

Etter ein intens bodrunde blei det måndag klart at den store jordbruksskulegarden på Tesdal i Etne er seld for 8,95 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Kjøparar av ein dei største gardane i Hordaland er det unge paret Lars Johan Flatebø (27) og Dorthe Svantesvold (32), som i dag driv gard på Høyland i Etne. Med på kjøpet av den ca. 1.300 mål store garden er ein mjølkekvote på 157.000 liter, fjellbeite, hytte på fjellet og jakt- og fiskerett.

Seljar er Senter For Bygdeutvikling (VSBU). Styreleiar Leif Grindheim seier at dei er svært nøgde både med prisen, ca. ein halv million over takst, og med kjøparane.

— Ja, me er godt fornøgde med denne handelen. Kjøparar er folk som me i dag kjenner som dyktige gardbrukarar. Prisen gjer at me sit igjen med vel fem millionar kroner når alle utgifter og gjeld er trekt i frå, seier Grindheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS