Heimetrening gjorde susen
— Utan dette tilbodet hadde eg blitt sitjande, seier Borghild Rullestad og byr på kaffi heime i stova i Åmsosen.
Ho sender ein varm takk til teamet som har hjelpt ho på beina att og gjort det mogeleg at ho igjen kan svinga kaffikjelen og invitera til kaffikos utan hjelp frå andre.
Med heimehjelp eit par dagar i månaden og litt hjelp til innkjøp klarar 86-åringen seg godt. Livsgnisten er tilbake og kroppen spelar igjen på lag. Slik var det ikkje for ei tid tilbake då den tidlegare så spreke pensjonisten vart råka av sjukdom.