Mat står øvst på lista over det nordmenn brukar pengar på i ferietida.Arkivfoto
Mest på mat
Pengane sit gjerne litt ekstra laust når det er ferie. Når nordmenn sløsar om sommaren går det mest i god mat og opplevingar.
Ikkje alle likar å innrømma at dei sløsar, men i ei undersøking Respons har utført for SpareBank 1, oppgir éin av tre at dei sløsar ekstra om sommaren. Fleirtalet svarer at dei ikkje sløsar meir om sommaren enn resten av året mens éin av ti oppgir at dei overhovudet ikkje sløsar med pengebruken.
— Det er overraskande at ikkje fleire innrømmer at dei sløsar når dei er på ferie og kontoen er fylt opp av både ferie- og skattepengar. Det er vel eit uttrykk for at me ynskjer å vera nøkterne, sjølv om eg trur pengane sit litt lausare hos dei fleste om sommaren, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1som kommenterer undersøkinga på vegner av banken.
Kvinner verst