Askev Winterhus Julsrud (11) fekk ideen om olabilløp av Våland Down» i 2016, og tenkte; Noko slikt må me klare å få til i Vikebygd. Bak t.v veslebror Reiar (6) og veslesyster Ella (9). Foto: Sirianne Vikestad
Askev Winterhus Julsrud (11) fekk ideen om olabilløp av Våland Down» i 2016, og tenkte; Noko slikt må me klare å få til i Vikebygd. Bak t.v veslebror Reiar (6) og veslesyster Ella (9).

Skuffa arrangør gir ikkje opp

Askev Winterhus Julsrud frå Vikebygd hadde jobba for at folk i bygda hans skulle ha ein god grunn til å komme seg opp av sofaen, men då helga kom svikta vikebuen 11-åringen.

Publisert Sist oppdatert

Sankthanshelga var dagane det skulle skje i Vikebygd. Askev Winterhus Julsrud (11) hadde planen klar; fredag kunne bygdefolket vere med på Ta sjansen» nede i båthamna, der sankthansbålet var sett opp. Dagen etter var det Olabilløp frå Liatoppen til brannstasjonen og sundagen var det duka for sykkelritt i motbakke til Longavatnet som ligg 291 meter over havet.

Då helga var over, var det ein særs skuffa 11-åring som sat heime i familiehuset Julsrud. Utanom olabilløpet, var det ingen som møtte opp på arrangementa.

– Eg synest det er for dårleg at ingen gidd å stille opp når eg prøver å lage til litt action i bygda, seier Askev.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS