Unike data om dyrka mark
I Vindafjord forsvinn årleg 69 dekar jordbruksareal, medan Etne mister tilsvarande 39 dekar. I perioden 2004-2015 har dei to jordbrukskommunane mista matjord tilsvarande 165 fotballbanar.
For første gong finst det kunnskap om kor mykje matjord som er bygd ned i landet. Eit unikt samarbeid mellom Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjort det mulig i få fram tal som viser faktisk nedbygging av jordbruksareal og bruksendring på dette store arealet.
Prosjektet viser at det frå 2004 til 2015 blei nedbygd 97.600 dekar jordbruksareal i landet. Omfanget er 0,9 prosent av matjorda som var registrert ved analysen sitt starttidspunkt. Blant fylka ligg Rogaland på topp med 17.000 dekar matjord til andre føremål, tilsvarande 1,6 prosent av tilgjengeleg jordbruksareal i 2004.
Analysen tar ikkje omsyn til nydyrking. Jordbruksarealet i Noreg utgjer berre 3,7 prosent av landarealet, likevel er denne jorda under stort press.
Den ferske rapporten viser at Noreg taper 8.100 dekar jordbruksareal årleg. Og det er mykje av den beste jorda som forsvinn. Tapet er 1.000 dekar meir enn samla areal innrapportert om omdisponering, og samstundes dobbelt så mykje som Stortinget har vedtatt skal vera årleg maksimum frå 2020. Med andre ord; det samla jordbruksarealet som får grønt lys for bruk til andre føremål enn matproduksjon, skal ikkje overstiga 4.000 dekar i året.
Vindafjord