Lokale skattar på vidvanke
Etne-kunstnar Jan Terje Rafdal meiner innbrotet ved Universitetsmuseet i Bergen er eit argument for å kunne forvalte fleire av dei historiske gjenstandane ein finn, lokalt.
Natt til 12. august i år stal tjuvar om lag 300 gjenstandar frå den arkeologiske samlinga ved Universitetsmuseet i Bergen. Dei historiske skattane stammer frå funn gjort i heile landet. Fleire av objekta som no er i tjuvane sine hender, stammar frå funn gjort i Etne og Vindafjord. Det får Grannar stadefesta av museumsleiinga.
Tjuvane tok seg truleg inn via eit sju etasjar høgt stillas som sto reist inntil bygget i samband med pågåande arbeid på bygningen. Politiet står utan sport etter hendinga.
— Pinleg for museet