Tidkrevjande jakt
Utrangerte campingvogner som blir forlatne i vegkanten, byr på ein god del detektivarbeid for kommunane.
Nokon hektar slitne campingvogner av tilhengarfestet og forlèt dei i vegkanten. Andre tippar avfall frå riving i bratte skråningar eller lar gamle båtar gå til botns og let dei bli liggande til fare for anna ferdsel. Dette er berre noko av det ulovlege forsøplinga som rådgjevar Erik Kvalheim i Etne kommune kvart år må forsøke å nøste opp i.
— Det blir ein del detektivarbeid, stadfestar han.
Campingvogn-mysterium