Klare til innsats. Lege Elin Hundhammer Vågen (t.v.), leiande helsesøster Hilde Bjerkreim, Anne Beate Økland frå helsestasjonen og fysioterapeut Liv Kjersti Hustveit (bak) står klar til å utvida helsetilbodet til barn og unge.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Klare til innsats. Lege Elin Hundhammer Vågen (t.v.), leiande helsesøster Hilde Bjerkreim, Anne Beate Økland frå helsestasjonen og fysioterapeut Liv Kjersti Hustveit (bak) står klar til å utvida helsetilbodet til barn og unge.

Barn og unge er målgruppa

Vindafjord helsestasjon har fått statlege prosjektmidlar øyremerka helsetiltak retta mot barn og unge. Det gir utvida helsestasjonstilbod for ungdom og aktivitetsgrupper for born.

Publisert Sist oppdatert

Med to millionar statlege midlar signert helsedirektoratet på konto kan helsestasjonen i Vindafjord auka tilbodet til barn og unge i kommunen. Midlane er øyremerkte prosjekt som er retta mot førebyggjande arbeid og helsefremjande tiltak.

— Med desse midlane har me auka med 50 prosent innan fysioterapi, 20 prosent på legetilbodet, 180 prosent i skulehelsetenesta og 50 prosent på helsestasjonen, fortel leiande helsesøster Hilde Bjerkreim og er klar for å gå i gang med dei planlagde tiltaka.

Fysioterapistillinga går mellom anna til førebyggjande arbeid retta mot born, der ei aktivitetsgruppe skal vera til hjelp for dei som ynskjer livsstilendring. Ikkje alle ynskjer å driva med fotball eller andre organiserte aktivitetar og då kan dette tilbodet vera til god nytte for alle som ynskjer å halda seg fysisk aktiv på eiga hand.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS