Pantordning blir utvida
Vrakpanten blei frå nyttår utvida til å gjelda fleire køyretøy enn bil, og ved Kaldheims Bildeler AS i Sandeid er dagleg leiar Leiv Magne Larsen klar til å ta imot både gamle mopedar og motorsyklar som er modne for skroting.
I 2016 vedtok Stortinget å utvida vrakpantordninga til fleire køyretøy og første januar i år blei det innført vrakpant på motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Alle som har gamalt vrakgods ståande i hagen, kan nå levera det inn til ein godkjent biloppsamlar og få nokre kroner i vrakpant. Vrakpanten varierer alt etter kva type køyretøy det gjeld, frå 500 kroner for motorsyklar og mopedar til 5.000 for lastebilar. Bubilane vil få same pant som personbil og vil gje tre tusenlappar i lomma når dei blir levert inn til vraking.
Skatteetaten betalar ut vrakpanten til eigar, og ved innlevering til biloppsamlar får eigar eit vrakmeldingsskjema som viser at køyretøyet er levert inn. Biloppsamlar får også eit mindre tilskot frå staten til driftsstøtte.
Frivillig