NAV-leiar Jan Ivar Bringedal (33) er éin av ti som har søkt på jobben som kommunedirektør i Etne. Då rekrutteringsselskapet brukte referansar som er nærstående til tre av medlemmame i rekrutteringsutvalet, resulterte det i at alle tre trådde ut av prossessen etter at utvalet hadde vurdert habiliteten deira.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Èin av 28 har fått jobb
Berre éin av dei 28 flyktningane i Etne som har fullført introduksjonsprogrammet, har fått seg ordinær fulltidsjobb. No ligg det an til ei stor auke i sosiale ytingar.
NAV-leiar Jan Ivar Bringedal orienterte Etne formannskap om det økonomiske flyktning-rekneskapen tysdag. Ein oversikt over samla inntekter og utgifter knytt til tenester til flyktningane i kommunen viser at det vart eit overskot på 263.000 kroner i 2017. Overskottet er mindre enn budsjettert. I år ligg det an til å bli eit meirforbruk på nesten 1,2 millionar kroner. Om prognosane til NAV-leiaren slår til, vil utgiftene kunne sprette opp til 3,8 millionar i 2019 og nå heile 5,9 millionar i 2020.
— Eg trur ikkje me kjem dit. Eg må likevel gjere greie for at dette kan skje. Men me har planar og tiltak som me meiner skal motverke ein stor del av dette, understreka Bringedal i møtet.
Nesten ingen i jobb