Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Misnøgd med Telenor. Wenche S. Lilleland må heilt ut på tunet for å leita etter signal når fasttelefonen sviktar og mobilsignala ikkje verkar innandørs. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Wenche S. Lilleland ved Fjellgardsvatnet i Vikedalsdalen har i årevis retta søkjelyset på dårleg mobildekning og ustabil tilgang til internett. No er betre mobildekning ikkje så langt unna etter at kommunale midlar til breiband er omdisponert for å dekkje ei spleiselag med Telenor. Arkivfoto

Fortvilar over manglande dekning

Publisert Sist oppdatert

Mange i Vikedalstalden slit med mangelfull dekning på mobiltelefonen, og for eit par veker sidan var krinsen utan kontakt med nettverket i fleire dagar. For Wenche Lilleland (58) er tunet heime på garden i ved Fjellgardsvatnet blitt familien sin faste telefonsentral. Her kan ho vera heldig å få signal på mobilen når ho skal ha kontakt med omverda, og når ho skal ringja finn ho dei beste signala på hjørna av garasjen.

Fasttelefonen inne i huset er ute av drift rett som det er, og mobilsignala vil ikkje ta turen inn i stova. Verken fasttelefon eller mobiltelefon er å lita på for folk som bur inst i Vikedalsdalen, og både Wenche Lilleland og mannen Tjerand Lilleland (60) på garden Hagen opplever stadig sviktande telefonsamband.

— Fasttelefonen var nyleg borte tre gonger i løpet av tre veker, og ved eitt par av tilfella verka ikkje mobilen heller. Då måtte eg køyra over tolv kilometer ned til Vikedal for å få signal på mobilen, fortel Wenche Lilleland og fortvilar over den uhaldbare situasjonen.

Powered by Labrador CMS