Nina Forus (f.v.) med Bravo, Synnøve Matre med Flicka, Elsbeth Vae Haaland med Messi og Ellinor Grønfur med Keira sikra seg bronse under NM i agility.
Foto: Privat
Tok lagbronse i agility
Laget frå Ølen, Etne, Vindafjord hundeklubb sikra seg ein tredjeplass under norgesmeisterskapet i agility i Sandefjord.
Konkurransen førre helg gjekk over to dagar og samla deltakarar frå heile landet. Åtte lag kvalifiserte seg til søndagens finale og det lokale laget gjekk seg opp frå ein femteplass i kvalifiseringsrunden til ein tredjeplass totalt.
Laget består av fire kvinner som går under namnet Frustrerte fruer og består av Nina Forus med springer spanielen Bravo, Synnøve Matre med jakt golden hunden Flicka, Elisabeth Vae Haaland med sin Messi som er blanding av border collie og australian sheepdog og Ellinor Grønfur med briardhunden Keira.
— Det spesielle er at me går med fire ulike rasar, seier Grønfur som også skal konkurrera for landslaget under European Open i Wien i slutten av juli.