Det har vore ein god sesong for dei som tar imot utanlandske turistar som kjem sjøvegen. Destinasjon Haugesund & Haugalandet melder om 7.500 cruisegjester denne veka, fordelt på fire anløp.
Først ut var det 264 meter lange cruiseskipet «Marella Discovery» frå Marella Cruises TUI. Med skipet kom omlag 1.800 gjester, stort sett britiske. Skipet kom frå Newcastle og i Noreg står Flåm, Haugesund, Eidfjord og Rosendal på besøkskartet.
Onsdag morgon kan regionen seia velkommen til 1.300 tyske gjester om bord i «AIDAaura». Noregscruiset starta i Kiel i Tyskland, og Haugesund er siste stopp før kursen blir sett mot Århus og Kiel onsdag kveld.
Reiselivssjef Vigleik Dueland opplyser at det blir spansk inntog når cruiseskipet «Zenit» klappar til kai i Haugesund torsdag morgon. Skipet har ein kapasitet på ca. 1.800 gjester, og har eit mannskap på 620.
— Reiarlaget Pullmantur har «turnaround» i Trondheim og Malmø. Det vil seia at gjestene blir flydd inn eller ut av disse byane, med fly som det sjølv eigd, og cruiseturistane går enten om bord eller går av skipet, enten i Trondheim eller Malmø. Cruiset starta i Trondheim. Ålesund, Hellestylt, Geiranger, Haugesund og Stavanger står på noregsprogrammet før skipet set kursen til Malmø, fortel Dueland.
Fredag kjem ei ny og stor pulje med cruisegjester til regionen, nærare bestemt omlag 2.500 gjester, stort sett tyske, når «AIDAsol» legg til Garpeskjærkaien i Haugesund tidleg på føremiddagen. Det er første gong det 253 meter lange cruiseskipet, med eit mannskap på 209, kjem til byen. Haugesund er siste stopp på eit elleve dagar langt cruise i Noreg, før det returnerer til Hamburg.
Alle dagar er det organiserte utflukter for ulike opplevingar på Haugalandet. Ein stor del av cruisegjestene drar innover Haugalandet gjennom Vindafjord og til Etne der eit nytt cruise på Åkrafjorden med Langfoss som ramme, er eit av innslaga.