Høge toppar og djupe dalar
Kjensleregisteret har vore både høgt og lågt for laga frå Vindafjord på Ekebergsletta denne veka. I dag spela Vindafjordjentene kvartfinale i Norway Cup.
Kring 180 spelarar, søsken og føresette har latt drøsen gå i Vindafjord-campen om kveldane i det store matteltet om spennande og nervepirrande kampar på Ekebergsletta.
Og i dag heia dei alle saman på spelarane i Vindafjord J15, som møtte Ekholt BK i kvartfinale.
Torsdag spela dei ein god kamp mot Oppdal IL, og vann med stillinga 2-1. Kampen vart filma frå sidelinja av Arve Vestbø og det var store jubelscenar blant jentene då dommaren blåste av kampen. Det store spørsmålet var om publikummet frå Vindafjord fekk vere vitne til nok ei slik scene i kampen mot Ekholt BK, som hadde avspark klokka 10 fredag.