Matilde Hustveit har fått mange gåver til bursdagen som ho skal senda vidare til ein barneheim i Ukrainia.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Matilde Hustveit har fått mange gåver til bursdagen som ho skal senda vidare til ein barneheim i Ukrainia.
Sveinung Birkeland (t.v) og Vidar Akselsen i THK-stiftelsen skal transportera gåvene frå Matilde Hustveit til barneheimen.
Sveinung Birkeland (t.v) og Vidar Akselsen i THK-stiftelsen skal transportera gåvene frå Matilde Hustveit til barneheimen.

Fekk støtte frå heile bygda

Då Matilde Hustveit runda 20 år ynskte ho seg bidrag til barneheimar i Ukraina i bursdagsgåve. Nå har heile Skjold-bygda engasjert seg i prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

På golvet i garasjen i barndomsheimen til Matilde Hustveit (20) står kartongar og sekker smekkfulle med skrivesaker, skrivebøker, ranslar, kler, leiker, spel og brukt skuleutstyr. Den store haugen med utstyr er eit resultat av gjevargleda til folk i Skjold som ville bidra til innsamlingsaksjonen i regi av Hustveit som ynskte seg gåver til fattige barn på ein barneheim i Ukraina då ho runda 20 år 5. august i år.

I mai i år skreiv Grannar om den hjartevarme skjoldabuen sitt spesielle bursdagsynskje og hennar engasjement for fattige barneheimsbarn i Korosten i Ukrainia. Og nå er tida komen for å levera alle dei innsamla gåvene til THK-stiftinga som skal ta seg av transporten. Heilt sidan tidlig i vinter har det strøymd inn gåver frå folk i heile bygda og bursdagsbarnet sjølv er svært imponert over den store gjevargleda.

— Dette er heilt fantastisk og folk har vore veldig engasjert. Eg hadde aldri trudd det skulle bli så masse. Det har kome både gåver og pengar, rundt 20.000 kroner som eg har kjøpt skulemateriell for, seier den ferske 20-åringen som la info-lappar i postkassane til folk for å spreia bodskapen om innsamlingsaksjonen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS