To poeng opp til førsteplass. Daniel Holten har gjort heimeleksa og er godt førebudd til finalen i NM rallycross.
Foto: Holtenmedia
Kan ta ny tittel
Tittelforsvarar Daniel Holten (26) kjenner lukta av nytt gull. I helga blir NM rallycross avgjort i ein tett finale på Gardermoen Motorpark.
NMK Vikedal-føraren tok kraftig innpå leiande Sivert Svardal i den fjerde NM-runden i klassen Supernasjonal opp til og med 2000 ccm. Holten ligg på tredjeplass i samandraget, men like bak NMK-Konsmo-føraren. 26-åringen ser fram til den avgjerande runden.
— At eg før finalane ligg på ein tredjeplass, og berre har to poeng å ta inn på Sivert Svartdal, med Jan Emil Wilsberg mellom oss, gjer at dette blir veldig spennande. Det blir rett og slett første førar i mål som tar det, og ingenting er avgjort før A-finalen er unnagjort, seier Holten som er glad for at han får vera med på dette nok ein gong.
Vikedalsbuen vann den førre runden på Sørlandet, og kom seg inn i gullkampen. Oppturen kom trass i at han måtte køyra med ein bil som ikkje lada, i tillegg til at han fekk ei punktering i fjerde omgang.