Ove Eidsheim og Gunhild Marie Osaland er glade for at Kyrkjetunet er i så god bruk som det er. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ove Eidsheim og Gunhild Marie Osaland er glade for at Kyrkjetunet er i så god bruk som det er.
Her er frå kjellaren i Kyrkjetunet, der det blir arrangert språkkafé.Foto: Privat
Her er frå kjellaren i Kyrkjetunet, der det blir arrangert språkkafé.
Show it er eit familiearrangement som går av stabelen seks gonger i året.
Show it er eit familiearrangement som går av stabelen seks gonger i året.

Låg terskel og brei aktivitet

Kyrkjetunet er eit samlande hus med mange forskjellige aktivitetar for både unge og gamle på tvers av både kulturelle grenser, religiøse grenser og landegrenser. Målet er at her skal alle kjenna seg velkomne

Publisert Sist oppdatert

Til våren er det 17 år sidan Kyrketunet sto ferdig i Ølen, og sidan den gong er dette huset blitt eit samlingshus for menneske i alle aldrar. Fellesnemnaren er det kristne samlingspunktet, og huset har etterkvart blitt ein stad som mange trekkjer til.

— Me har aktivitetar som er for alle menneske, frå dei er små til dei er gamle, og eg har vore med på både korarrangement og familiesamlinga Show it. Dette er samlingar som skal famna heile familien, slik at dei har noko felles å snakka om rundt middagsbordet etterpå. Me lagar eit mini-revy-show» som inneheld både songar, drama eller film, med tema frå ei bibelforteljing. Dette knyt me opp til dagens utfordringar og me snakkar om kva Jesus vil læra oss gjennom dette, seier Gunhild Marie Osaland som er med i styret for Kyrkjetunet.

Styreleiar i Kyrkjetunet, Ove Eidsheim, kan opplysa at dei i fjor tilsette Lill Inger Velde i ei 40 prosent prosjektstilling for å prøva å få enda meir aktivitet i huset, spesielt prøva å få fleire ungdommar med på det som skjer. Prosjektstillinga er planlagt å vara i tre år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS