Også i desember i fjor var det store nedbørsmengder på Vestlandet, her frå Etne.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Også i desember i fjor var det store nedbørsmengder på Vestlandet, her frå Etne.

Millionskadar etter styrtregn

Skademeldingane etter at store nedbørsmengder ramma Vestlandet tysdag kveld og natt til onsdag tikkar inn til Tryg Forsikring sitt hovudkontor i Bergen. Status klokka 12 onsdag er 16 registrerte skadar, estimert til vel halvanna million kroner i skadeomfang.

Publisert Sist oppdatert

Det er mange vindskadar på bygning og eigedelar, og éin større husskade i Bergen estimert til rundt 400.000 kroner i skadeomfang. I tillegg er det registrert skade på både båt og bil, opplyser selskapet i ei pressemelding.

— Talet på registrerte skadar er forventa å auka utover dagen og morgondagen. Av erfaring vet me at mange som opplever skadar, prioriterer å setja i verk tiltak for å redusera skadeverknadene før dei kontaktar sitt forsikringsselskap. Me kan heller ikkje utelukka at ein god del skadar endå ikkje er avdekka, spesielt på båt eller bygningar der det ikkje bur folk i, heiter det i meldinga frå Tryg.

Dette er fjerde gongen i september forsikringsbransjen opplever store skader knytt til uvêr i form av mykje vind og store nedbørsmengder.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS