Dommar Egil Øvstebø vurderer lamma til Ole og Sigrid Sævareid. Lammet blir snudd på rygg, mens dommaren sjekkar kropp og testiklar. Etterpå blir det tatt ullprøvar og vurderingar av vekt og beinstilling
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Nytt arrangement i Etne
Laurdag blir det liv og røre utanfor dei to kjøpesentra i Etne, og truleg vil det vrimla av både to- og firbeinte denne dagen. God gamaldags bondemarknad står på programmet.
Bondemarknaden som går av stabelen for første gong i Etne er å finna utanfor både Etne senter og Gjerde senter, kanskje enda betre kjent som Extra Etne og Felleskjøpet. Øvst på programmet står kåring av årets vêrlam, og dette blir ei kåring som strekkje seg utover dagen. Utstillinga av lam blir ved Felleskjøpet, og som alltid blir vêrlamma målte frå topp til klovar, med vurderingar av både testiklar, ullkvalitet, vekt og beinstilling. Slike sauesjå er ofte spennande for både vaksne og barn.
26 utstillarar
Etne bondelag stiller med sau, høner og ein del utstyr, og i tillegg blir det mange som salbodar denne dagen. Utvalet består av både frukt, bær, pølser, geitost, lefser, nysteikte bollar, vaflar, grønsaker, heimelaga klede, eplemost frå Hardanger, spekemat, produkt frå boergeiter, poteter, honning, hudprodukt og mykje meir. Til saman har 26 utstillarar meldt sin ankomst.