Torhild Skrunes og Frode Grindheim kan fortelja om stor interesse for selskapet sin 55-tommar, med 4K-oppløysing og ein heilt ny touch-funksjon.Foto: Vidar Alfarnes
Torhild Skrunes og Frode Grindheim kan fortelja om stor interesse for selskapet sin 55-tommar, med 4K-oppløysing og ein heilt ny touch-funksjon.
God stemning og mykje folk på standen til Hatteland Display under den gigantiske shippingmessa i Hamburg sist veke. Her ein fin lokal trio i hall B6. Frå venstre Torhild Skrunes, Frode Grindheim og Bente Stene. Foto: Vidar Alfarnes
God stemning og mykje folk på standen til Hatteland Display under den gigantiske shippingmessa i Hamburg sist veke. Her ein fin lokal trio i hall B6. Frå venstre Torhild Skrunes, Frode Grindheim og Bente Stene.
Bjørg Ekornrud kjem frå Etne, men har i fleire tiår jobba internasjonalt i shipping-verda. I sommar starta ho i ny jobb, og sist veke hadde ho ansvar for 55 utstyrsleverandørar på den norske paviljongen under SMM i Hamburg. Foto: Vidar Alfarnes
Bjørg Ekornrud kjem frå Etne, men har i fleire tiår jobba internasjonalt i shipping-verda. I sommar starta ho i ny jobb, og sist veke hadde ho ansvar for 55 utstyrsleverandørar på den norske paviljongen under SMM i Hamburg.

Stor interesse for stor skjerm

Tidlegare har dei lånt ut produkta sine til store kundar som har vore på SMM. Sist veke var dei sjølve på plass i Hamburg for å vise fram det siste nye av teknologiutvikling på den maritime skjerm-fronten.

Publisert Sist oppdatert

SMM er verdas største messe innanfor skipsbygging og marin teknikk og difor ein viktig møteplass og arena for å marknadsføra sine produkt. Hatteland Display har mykje dei vil nå ut med.

— For oss handlar det også om at me no er fleire selskap som seglar under same paraply, og dermed har eit langt større produktspekter å vise fram. For oss i Hatteland Display står denne 55-tommaren i sentrum. Med 4K-oppløysing og ein heilt ny touch-funksjon, reklamerer Frode Grindheim og Torhild Skrunes.

Førstnemnde kjem frå Etne og er produktsjef, medan Skrunes frå Vats er seljar, i all hovudsak i Noreg. På plass er også Bente Stene frå Ølen. Ho er også seljar, og har den viktige og store nederlandske marknaden som sitt ansvarsområde.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS