Ingrid Lunde (t.v.) og Ane Guro Hjortland har grunn til å smila etter førsteplass og flotte pokalar i det uoffisielle nordiske meisterskapet i sandvolleyball.
Foto: Oda Hveem
Til topps med ny partnar
Ingrid Lunde (26) gjekk i helga til topps uoffisielt nordisk meisterskap i sandvolleyball. Denne gongen med ny partnar som også er vestlending.
Landslagsspelaren frå Ølensvåg har hatt ein travel august. Som Grannar tidlegare har skrive har Ingrid Lunde i august deltatt både på sandvolleyballskule i Vikedal og under Etnemarknaden for å jobba mede rekruttering og barn.
Seinare har det blitt bronse i NM og andreplass i siste Norges Tour Master. Den beste prestasjonen kom i uoffisielt nordisk som gjekk på Jernbanetorget i Oslo i helga.
— Denne turneringa spelte eg med Ane Guro Hjortland frå Hatlestrand. Her slo me Sverige i finalen 2-1 i ein forrykande kamp med settresultata 21-17,21-19 og 16-14, fortel vågsbuen.