Oddvar Haugland.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Inga støtte til Hareide
Ingen av dei frammøtte tok til orde for å støtta partileiar Knut Arild Hareide sitt forslag om å fri til venstresida i norsk politikk då medlemmer av Vindafjord KrF var samla til ekstraordinært årsmøte.
Til saman 12 personar møtte då Vindafjord KrF inviterte til ekstraordinært årsmøte på Lundeneset tysdag kveld. Hovudtema under møtet var å velja fire representantar til Rogaland KrF sitt årsmøtet i Stavanger på laurdag der mellom anna vegvalet vidare for partiet står på programmet. Leiaren i Vindafjord KrF, Eivind Hetland, la ikkje skjul på at SV er den største utfordringa når det kjem til eit eventuelt samarbeid med venstresida, og han minna også om dei raude sin skepsis til dei private skulane.
— Eg har mest lyst til å halda med til den sida som har vore. Venstresida er imot det private og eg tenkjer på skulane våre som viktig, sa Hetland som ser med skeptiske auge både til SV og Frp.
— Eg er litt redd for både SV og Frp og deira syn, men eg trur det er lettare å samarbeida med Frp. Det blir feil å fella regjeringa, sa han.