Alf Inge Dagsland frå Skjold er ein blant seks aksjeselskap i Vindafjord som kan kalla seg årets gasellebedrift.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Alf Inge Dagsland frå Skjold er ein blant seks aksjeselskap i Vindafjord som kan kalla seg årets gasellebedrift.

Etablerte bedrift for fire år sidan

For fire år sidan tok han steget og danna sitt eige aksjeselskap. I dag har han over ti personar i staben og omset for millionen kvar månad. Veksten har brakt Alf Inge Dagsland (48) frå Skjold på lista over årets gasellebedrifter i Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Saman med Bisnode Credit AS står Dagens Næringsliv for gaselle-opplegget, der alle landets fylke er med i kåringa av små og mellomstore vekstbedrifter. Ei gasellebedrift må mellom anna visa til omsetningsvekst dei siste fire åra og dei må ha hatt ei omsetnad på over éin million første året. Andre kriterium er positivt samla driftsresultat, unngått negativ vekst og ha vore eit aksjeselskap.

I år blei seks bedrifter frå Vindafjord og tre frå Etne plukka ut som gasellebedrifter, blant desse Øvregard Maskin AS som har base i Skjold. For eigaren Alf Inge Dagsland kom nyheita om utmerkinga som ei stor overrasking.

— Eg veit ikkje korleis eg har hamna der, men det er veldig kjekt, seier entreprenøren som med hardt og målretta arbeid har utvikla bedrifta frå å vera eit enkeltmannsføretak til å bli ei bedrift med rundt ti tilsette i løpet av kort tid.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS