Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth har hatt mange jubelsunder denne sesongen, men det står att mykje arbeid for å bli kvalifisert til dei komande olympiske sommarleikane.
Foto: Lars K. Aalgaard
Har Tokyo-OL i blikket
Dei olympiske sommarleikane i 2020 har lenge vore notert i kalenderen til Ingrid Lunde (27). Nå er rotteracet for å kvalifisera seg i gang.
Går alt som volleyballspelaren frå Ølensvåg håper på, kan Grannar-distriktet bli representert i OL i Tokyo om knappe to år. Sandvolleyball-spelar Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth (25) frå Røa i Oslo er i dag rangert blant verdas 30. beste lag og på topp i Noreg. Det har gitt landslagsplass for den målbevisste og blide toppidrettsutøvaren som har lagt sin så langt beste sesong bak seg.
— Det gjenstår ein god del arbeid og godt spel for at me skal greia målet om OL-deltaking, seier Lunde.
Landslagssamling