Ein svært varm dag på Vestlandet til november å vera.Illustrasjon: Meteorologisk institutt
Ein svært varm dag på Vestlandet til november å vera.Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Nok ein varmerekord

Nok ein meteorologisk rekord har stått for fall dette året. Onsdag blei det sett ny temperaturrekord for november i Hordaland. Klokka 13 blei det målt 18,1 gradar på Gullfjellet. Den gamle rekorden var på 17,9 grader, og blei registrert på målestasjonen Florida 4. november 2011, melder Yr.no. Også Stord og Flesland sette ny månadsrekord med høvesvis 17,3 og 16,4 gradar.

Men det varte ikkje lenge før Etne målestasjon kom sterkare etter å ha lege på rundt 15 gradar tidlegare på dagen. Til slutt blei det målt heile 18,3 gradar som gjorde at bygda overtok den ferske hordalandsrekorden. Tidlegare i år sette Etne noregsrekord for mai, også det i varmegradar.

I Vats viste gradestokken heile 17,5 gradar i onsdag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS