Alf Warloe Christophersen er både glad i å høyra på musikk, og å spela musikk. Det er kjærleiken til musikken, og det å få vera ein samfunnsbyggjar, som har vore drivkrafta bak 22 år med Skånevik BluesfestivalFoto: Grethe Hopland Ravn
Alf Warloe Christophersen er både glad i å høyra på musikk, og å spela musikk. Det er kjærleiken til musikken, og det å få vera ein samfunnsbyggjar, som har vore drivkrafta bak 22 år med Skånevik Bluesfestival
+LIVE+
+LIVE+
Stage Dolls
Stage Dolls
The September When er eit av mange kjente band til årets bluesfestival i SkånevikPressefoto
The September When er eit av mange kjente band til årets bluesfestival i SkånevikPressefoto
Sondre Justad er ein av dei mest ettertrakta norske artistane for tida. Nå kjem lofotværingen til Skånevik.Pressefoto
Sondre Justad er ein av dei mest ettertrakta norske artistane for tida. Nå kjem lofotværingen til Skånevik.Pressefoto

Skånevik Bluesfestival manglar berre eitt artistnamn før dei er fullbooka

Alf Warloe Christophersen (67) manglar berre eitt band før han kan annonsera Skånevik bluesfestival 2019 for fullbooka. Etter 22 år som bluessjef, kan han røpa at mange artistar har lete seg bergta av Skånevik.

Publisert Sist oppdatert

Alf Warloe Christophersen handterer både gitar og piano, og musikken har alltid vore ein stor del av livet for både bluessjefen og storfamilien hans. At Jimi Hendrix dekorerer heile veggen bak, er heller ikkje tilfeldig. Ifølgje fødselsattesten til Christophersen, nådde han i november i fjor pensjonsalder, men han har på ingen måte tenkt å slå seg til ro som pensjonist.

— Eg tar det som det kjem, og når det gjeld bluesfestivalen har eg alltid sagt eg tar år for år. No har me snart fullbooka festivalen for 2019, og eg trur som alltid at bluesfestivalen blir knallbra.

Dermed ser det ikkje ut til at Christophersen har planar om å trappa ned på denne sida av nyttår, og ein kan vel trygt seia at fleire tusen menneske er glade for det. Alf Warloe Christophersen er nemleg einsam svale som konsertarrangør. Det er han åleine som ber alt ansvar, både økonomisk og når det kjem til booking, men med seg på laget har han mange frivillige som i ei årrekkje har stilt opp på dugnad under arrangementet. Mange har vore med sidan starten, og Christophersen seier sjølv han er flink til å delegera oppgåver.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS