Tysdag 2. april gjennomførte Jon Magnar og Gurine Jensen frå Grønstad løpet Tronjo opp» som dei har gjort mange gonger før, og om ikkje lenge deltar dei også på Trongjo ned». Men nettopp denne tysdagen blei ikkje dagen heilt som dei hadde førespegla seg. Som alltid samla deltakarane seg på Sævareid skule for eta mat og for utdeling av vandrepokalen som er IF Klypetussen si høgste utmerking for god innsats. Og namna som blir gravert inn i pokalen dette året er nemleg Jon Magnar og Gurine Jensen.
— Me blei svært overraska og ana ingenting på førehand. Men i etterkant har me forstått at sonen vår, Jan Eirik kjente til dette, for Gisle Sellevold hadde visst kontakta han for å forvissa seg om at me skulle vera med på turen, seier Jon Magnar Jensen.
Både han og kona Gurine innrømmer at dei blei både overraska og glade av utmerkinga.