Jubilerer med ny gapahuk
Søndag 2. juni går postvegmarsjen av stabelen for 30. gong, og som ein del av arrangementet blir det offisiell opning av ein heilt ny gapahuk på Varleite.
Postvegmarsjen er ein tur som passar for heile familien, og som strekkjer seg gjennom ti kilometer over fjellet mellom Skånevik og Etne på gamle tufter der posten ein gong blei boren fram. Denne gongen er det jublieumsår, og det har arrangøren tenkt å gjera noko ekstra ut av.
— Sjølv om det ikkje er 30. året på rad postvegmarsjen blir arrangert, så er dette den 30. gongen. Det vil me markera litt ekstra, så i år er alle som melder seg til start – og som fullfører over målstreken, med i trekninga av fine premiar. Me har også hovudpremie på 3.000 kroner, seier Siv Helen Ribesen i postvegmarsjnemnda og representerer Skånevik IL.
Gapahuk etterspurt