Ingen tvil om at geitene vil ha kontakt med Stina Bakkedal Fosen etter dagens første mjølkinga. Gardbrukaren i Vikedal er i oppstarten med både mjølkeproduksjon og snart ysting av geitemjølk.Foto: Jon EdvardsenBilde 1 av 7
Etter å ha bygt opp ein flokk på 50 vaksne geiter starta Stina Bakkedal Fosen med mjølking i mars i år.
Geiter er sosiale dyr som likar kontakt, og gjerne vil ha litt kos før dei går ned frå mjølkestallen.
Etter mjølking, tar Stina Bakkedal Fosen fatt på å vaske mjølkestallen.
Årets kull med kje går saman med koppelam og får mat i automat. Stina Bakkedal Fosen meiner geiter er trivelege dyr med personlegdom.Foto: Jon EdvardsenBilde 5 av 7
Både sauehus og geitehus med ysteri er bygt nytt på Nordbø i Vikedal.
Geiter er nysgjerrige som få, og det meste må smakast på.
Snart skal det bli brunost
Velkomsten bræker i taket når flokken med geiter får auge på Stina Bakkedal Fosen og dagens første mjølking er på gang. Snart blir det også lokalprodusert brunost på garden i enden av Oppsalvegen.
Fulltidsbonden starta å mjølke geitene i mars, og det går unna i rutinert tempo når 45 geiter får tømt jura i mjølkestallen. Men geitene er ikkje nye på garden, ho har brukt tre år på å utvikle flokken basert på kje som i sin tur har fødd nye geiter til verda. Det har resultert i til saman 50 vaksne geiter på bruket i dag.
— Vi starta med geiter for å skape arbeid på garden og eit levebrød av drifta, fortel Stina Bakkedal Fosen (34).
Saman med ektefellen Øystein Fosen har dei investert tid og pengar for å få det til. Ysteriet er klart til bruk, og å drive med litt forskjellig er tanken bak drifta.
Etter å ha bygt opp ein flokk på 50 vaksne geiter starta Stina Bakkedal Fosen med mjølking i mars i år.
Glad for ho torde
— Eg er glad for at eg torde å seie opp jobben for tre år sidan og berre satse på garden. Det er fritt som bonde når du kan styre arbeidskvardagen meir sjølv. Geitene bryr seg ikkje om du startar mjølkinga klokka sju, eller ni om morgonen, så lenge det er fast og med ein jamn avstand mellom dei to gongene dei blir mjølka, slik at dei ikkje får spreng i jura, forklarer ho.
Mjølkinga om morgonen startar først etter at Sigurd (9) og Ida (7) er skyssa til skulen. Og ho kan prioritere ungane sine aktivitetar om ettermiddagen før det er tid for å mjølke geitene igjen.
Geiter er også passeleg for å kunne ta den yngre garde med i fjøsstellet.
Ingen tvil om at geiter er sosiale og kontaktsøkande dyr som vil sjekke ut det meste, eller helst smake på, og gjerne bli klødd på halsen. Ein og annan vil ikkje gå ned frå mjølkestallen før bonden har gitt litt ekstra stryk og klapp.
Under timen
Femti minutt tar det Stina Fosen å mjølke dei 45 geitene som produserer for tida. Mjølkestallen er i passeleg høgde for å kunne gjere jobben ståande. Det er plass til 12 i slengen som står fint på rekkje og gomlar mjøl, og det er seks mjølkesett i arbeid.
Geitene står i kø for å kome opp, og Stina Fosen styrer at det passelege talet kjem gjennom luka før den blir lukka. Når jura er tomme, går dei ned igjen via ei bru langs veggen. Enkelt og effektivt, og lyden av geiter blir sakte feida ned til nesten ingenting når alle har vore til pers.
Etter mjølking, tar Stina Bakkedal Fosen fatt på å vaske mjølkestallen.
Har personlegdom
Dei driv både med geitemjølk, mjølkekyr, ammekyr og sauer i ein variert målestokk, og ikkje så stor i kvar enkelt. Tyngdepunktet i drifta er 180 vinterfôra sauer, men geitemjølk er i utvikling på bruket.
Øystein Fosen er tømrar og supplerer med oppdrag utanom gardsdrifta.
— Geiter har personlegdom. Eg har alltid likt geiter, det er trivelege dyr. Dei passar i landskapet her og er gode beitedyr som ryddar det meste. Vi har ikkje jord til å utvide med fleire mjølkekyr, og geitene er ein måte å få meir arbeid og inntekt på garden, seier Fosen.
Det er greitt med mjølkekyr, meiner ho, men geiter er passe store å arbeide med.
— Det er ingen problem med å kjenne kvar enkelt. Eg har god kontroll på desse damene her, seier ho.
Men så har ho lang erfaring med å sortere det eine frå det andre i jobben som ullklassifisør hos Nortura i Sandeid. Ho har deltatt i konkurransar for ullhandtering både i NM og VM tidlegare.
Årets kull med kje går saman med koppelam og får mat i automat. Stina Bakkedal Fosen meiner geiter er trivelege dyr med personlegdom. Foto: Jon Edvardsen
Til Telemark
— Fordelen med å drive med forskjellige dyreslag er at ein har fleire bein å stå på. No er det ikkje gode prisar for sau, seier ho.
Tankbilen kjem på tunet og hentar mjølk tre gonger i veka som blir frakta til Tine Meieriet Haukeli som tar imot geitemjølk frå Hordaland, Rogaland og Telemark.
Der blir det laga Frozen Curd som blir eksportert til USA, og i tillegg norsk Chevre kvitmugg og naturell for den norske marknaden. I alt 2,3 millionar liter går årleg gjennom dette meieriet.
Geitemjølk er ein nisje i jordbruket og Tine har 270 leverandørar på landsbasis. I Vindafjord er det tre mjølkebruk med geiter.
God mjølk gir god ost, og eg ser på det som ei utfordringStina Bakkedal Fosen
Ostekurs i Sogn
Når ein travel vår er over, skal Fosen i gang med dei første prøvene med brunost. Ysteriet er klart, og maskina som skal produsere, er på plass. Innovasjon Norge er med på laget og gir støtte til tilleggsproduksjonar i landbruket.
— Eg vil kome i gang i sommar, men ikkje for sal i første omgang. Å lage ost er ein kunst eg må lære sjølv. God mjølk gir god ost, og eg ser på det som ei utfordring, seier ho.
Geitebonden er ikkje heilt blank på ostefronten sidan ho har tatt to kurs i å lage ost på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Der er det ein fransk osteprodusent som har slått seg ned og formidlar kunsten å lage den gode osten.
— Kursa er veldig populære og har ventelister, fortel Fosen.
På Nordbø i Vikedal har dei ei kvote på 15.000 liter i dag, og det går med rundt ti liter mjølk for å lage éin kilo ost, forklarer ho. Ei geit produserer vanlegvis to-tre liter per dag.
Både sauehus og geitehus med ysteri er bygt nytt på Nordbø i Vikedal.
Bygt nytt
Dei kjøpte garden i 2010 etter å ha pakta både den og nabogarden ein stund. Nytt sauehus vart bygt i 2012, og seinare har dei bygt nytt og utvida ein driftsbygning til geitehus med ysteri, og reiskapshus på toppen. Nabogarden leiger dei framleis, og der er det storfé med seks mjølkekyr og fire ammekyr.
I sauehuset går kjea saman med koppelam og får maten sin frå automatar. Der er det 80-90 små firbeinte, og mange stormar nysgjerrig fram. Lamma litt i bakgrunnen og kjea i fremste rekkje for å få kontakt med den tobeinte som gir dei mat.
Geiter er utan tvil eit sjeldan husdyr i matfylket Rogaland. Ikkje alt for oppdaterte tal viser at det var 11 produsentar av geitemjølk i 2014 med til saman 1.640 geiter.
Geiter er nysgjerrige som få, og det meste må smakast på.
Halvparten arbeider med Dagros
Jordbruket i Rogaland sysselsette 6.309 årsverk i 2017 der Vindafjord bidrog med 406 av dei.
Geiter er sosiale dyr som likar kontakt, og gjerne vil ha litt kos før dei går ned frå mjølkestallen.
Det er sjetteplass i talet på årsverk direkte frå jordbruket blant kommunane i matfylket Rogaland, bak Sandnes, Bjerkreim, Hå, Klepp og Time.
I alt 209 av 406 årsverk var i mjølkeproduksjonen i Vindafjord, viser ein ny rapport om verdiskaping i jordbruket i 2017, laga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
På andreplass er sauehald med i overkant av 98 årsverk, og kjøtproduksjon med nærmare 40 årsverk.
Bruttoproduktet frå jordbruket var over 3 milliardar i Rogaland der Vindafjord sin del var vel 179 millionar. Denne verdiskapinga stod nesten stille mellom 2014 og 2017.
Berekningar av den totale verdiskapinga, viser at dette talet som regel kan doblast når ein tar med landbruksbasert aktivitet i tillegg.
Sau i Vindafjord
Vindafjord hadde ei brutto verdiskaping i mjølkeproduksjonen med nesten 104 millionar kroner i 2017, og var den femte største mjølkekommunen i Rogaland målt i kroner
Rogaland Bondelag er oppdragsgivar for rapporten om verdiskaping i fylket. I nesten alle typar samanliknar har Rogaland toppa statistikkane for jordbruket som landets fremste matfylke. Men etter at Trøndelag-fylka slo seg saman, har Rogaland gått eit trappetrinn ned på dei fleste område.
Vindafjord, Karmøy og Egersund var dei kommunane i Rogaland med størst verdiskaping i sauehaldet, i same rekkjefølgje 24, 23 og 22 millionar kroner.
Verdiskaping midt på treet
Tilsvarande hadde Vindafjord den femte største verdiskapinga i kjøtproduksjon med ammekyr dette året, i alt 17,4 millionar kroner.
Per årsverk for jordbruket i kommunen, er bruttoproduktet i Vindafjord sånn midt på treet i fylket, på ein 12. plass.
Verdiskapinga i Vindafjord er 441.000 kroner per årsverk, medan Hå på topp har 551.000 i bruttoprodukt per årsverk.
Verdiskapinga per årsverk er størst for egg og fjørfe, følgt av svinehald og deretter mjølkeproduksjon som har litt over halvparten av førstnemnde. Egg og fjørfe har over 1 million i verdiskaping per årsverk, viser tala frå 2017.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.