Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Andreplass på heimebane

Publisert Sist oppdatert

Heile 118 deltakarar sprang i dei åtte løypene som løypeleggjar Einar Martinsen hadde laga frå Fjellstøl skianlegg til sundagens KM for Rogaland. Dei lengste løypene gjekk rundt Eivindåsen nær Øklandsvatnet og nesten opp til Opheim og tilbake igjen over heiane, ikkje langt frå lysløypa. Løypelengdene varierte frå 1,7 km for dei yngste nybyrjarane til 7,5 km for seniorherrane.

Den beste lokale prestasjonen stod Einar Marius Hjellestad Martinsen frå Vikebygd for. Han tok sølv i seniorklassen H21-, berre 40 sekundar bak vinnaren, Harald Kalager frå Stavanger Orienteringsklubb.

Det nystarta Vindafjord Orienteringslag hadde ti deltakarar med på løpet i ymse klassar, men var også representert med eit godt apparat for å avvikla den store konkurransen i det etter kvart klissvåte vêret med tunge og våte myrar for deltakarane.

Powered by Labrador CMS