Forfattar vart grilla av skule-elevar
Forfattar Anne Audhild Solberg har skrive boka Kampen mot superbitchene», som handlar om 7. klassingar, både snille og fæle. I Etne blei forfattaren bokbada av 7. klassingane.
Livet er kanskje ikkje på sitt enklaste når ein er 7. klassing, kanskje 13 år, midt i overgangen frå å vera barn til å bli ekte ungdom», og i tillegg skal byrja på ungdomsskulen så snart sommarferien er over. Då kan det vera mange utfordringar å ta stilling til. Kva er vel då meir frigjerande, enn å få ei bok i fanget som handlar om tolv og eit halvt-år gamle Anne Bea. Jenta som er ein racer i matte og humor, men som ragar nest nedst på botnlinja i klassen, og som hamnar midt i skotlinja til dei tre superbitchene i klassen.
Det som kan vera minst like frigjerande som å lesa boka, er å få forfattaren sjølv på besøk for å spørja og grava om alt som er verdt å vita. Onsdag denne veka kom Anne Audhild Solberg på besøk til Etne, for å bli bokbada av 7. klassingane på Enge.
David Øren, Unar Stenberg og Sigrid Momb Hammersland hadde fått oppdraget å formidla dei mange spørsmåla klassen hadde førebudd, og det blei ei skikkeleg interessant stund i litlesalen på Skakke, saman med 7. klassingar frå både Enge og Skånevik.