Uhell på trening resulterte i øydelagt bil og ingen konkurranse for Daniel Holten og hans Ford Fiesta på Bollandsmoen i Melhus.
Foto: Rune Johannesen
Fekk ikkje køyrt NM-runden
Daniel Holten (27) var uheldig på treninga før andre NM-runde i rallycross. Dermed blei det ingen løp på NMK Vikedal-føraren i helga.
Teamet frå Vikedal hadde tatt den svært lange turen til Melhus i Trøndelag, men måtte returnera alt laurdag. I treninga gjekk det skikkeleg gale med bilen. Holten køyrde ut slik at bilen rulla rundt og fekk så store skadar at den ikkje kunne brukast i konkurransane.
— Eg må berre beklaga til alle som hjelper og støttar meg, slikt skal ikkje skje, seier vikedalsbuen.
Etterpå fekk Holten mange tilbakemeldingar frå folk som ønskte å hjelpa, noko han set stor pris på.