Etne omsorgssenter.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Krevjande PLO-drift
Ei krevjande omorganisering, rekrutteringstiltak som ikkje verkar så godt som dei håpa, samt stort press på tenesta, gir utfordringar for pleie- og omsorgstenesta i Etne.
Det kjem fram i den økonomiske rapporten for 1. tertial. Meirforbruket i perioden er på 2,5 millionar kroner.
PLO-utfordringar
Det er den store pleie- og omsorgseininga ein har størst utfordringar med å få økonomien i balanse i høve til vedtatt budsjett. Per 1. tertial er meirforbruket i PLO på 1,5 millionar kroner. (1,2 justert etter inntekter).