Oddrun E. Larsen i Hordaland Ungdomslag (t.v.) saman med leiar i Skånevik Idrettshall Marita Johansen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Øyremerka barn og unge
Med ein stor sjekk signert Hordaland Ungdomslag og ein frodig blomsterkvast under armen møtte styremedlem i Hordaland Ungdomslag, Oddrun E. Larsen, opp på idrettshallen i Skånevik.
Ho hadde tatt turen eins ærend frå Bergen for å overrekka sjekken på 83.000 kroner til leiaren i Skånevik Idrettshall, og dermed setja sluttstrek for midlane som Skånevik UL i 20 år har hatt ståande på bok i fylkeslaget. Ungdomslaget i Skånevik blei avvikla i 1999 og med det følgde sal av klubbhuset midt i sentrum. Det gav inntekter som igjen har blitt ståande på bok fram til nå.
— Me har forvalta desse pengane som skal tilbakeførast til aktivitetar for barn og unge. Hordaland UL tek ikkje pengane når lag bli lagt ned, men etter reglane er det fylkeslaget som skal ta vare på pengar og verdiar i lag som blir avvikla, seier Oddrun E. Larsen og eg glad for at pengane endeleg kan koma til nytte.
Ei etterlysing i lokalavisa i 2016 måtte til før fylkeslaget fann ein mottakar som oppfylte kravet for å motta pengane. Dei fekk hos Skånevik Idrettshall og ungdomsklubben.