Til fjells for å kosa seg
Med nystrigla hest og med rosa sovepose i bagasjen sette 5 år gamle Klara Høyland frå Time kursen mot Olalia saman med turglade hesteeigarar frå heile Rogaland.
Klokka har så vidt passert tolv laurdag føremiddag og parkeringsplassen på Fjellstøl er i ferd med å fyllast av forventningsfulle hesteeigarar og utolmodige firbeinte som snart skal setja kursen innover fjellvidda i retning Olalia. Lokal vert, Asbjørn Larsen i arrangørkomiteen er alt på plass og ventar spent på om alle finn vegen til fjellanlegget ein kort køyretur opp frå Sandeid, og så snart siste hestehengaren er trygt parkert er det tid for ein liten gjennomgang av turopplegget for hestetreffet i Vindafjord i regi Nordlandshestlaget.
Dei fleste deltakarane har heimeadresse sør for Boknafjorden, og turen inn til Olalia i helga blir deira første møte med det populære fjellområdet.
— Eg gler meg til å dra på tur, seier vesle Klara Høyland og tek eit godt tak i grima på shetlandsponnien Joyline som ho skal ri på inn til fjellstova.