Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Poengdeling i Skjold

På førehand hadde Vats 94/Skjoldar snakka om at kampane mot Sauda og Rubbestadnes vart viktige med tanke på situasjonen i botnen av tabellen. Og bortekampen mot Sauda i førre runde vart ein suksess med ein 1-0 siger og tre poeng i Sauda.

Fredag kveld kom Rubbestadnes til Skjold, og heimelaget såg ut til å gjenta suksessen frå Sauda-kampen, då Kristian Langeland sendte vertane i leiinga rett før pausen. Men denne gongen heldt ikkje leiinga heilt inn, og Rubbestadnes fekk ei fortent utlikning i sluttminutta, etter at bortelaget produserte dei fleste sjansane i andre omgang. Rubbestadnes ligg med dette eitt poeng føre Vats 94/Skjoldar på tabellen.

Heimelaget ligg på plass nummer elleve, med god kontakt med laga føre seg på tabellen. Neste kamp for dei gul/svarte er borte mot Nord neste laurdag.

Powered by Labrador CMS