Rektor Ruth Sæle ser fram til at dei kan flytte inn i nybygget våren neste år, men det blir ikkje tatt i bruk flør skulestart hausten 2020.
Foto: Jon Edvardsen
Skal investere meir ved Ølen vgs
Investeringa til 83 millionar kroner er i ferd med å reise seg ved den vidaregåande skulen i Ølen. Det er også gitt klarsignal til å bruke ytterlegare 53 millionar på skulen.
Nybygget på framsida av Ølen vidaregåande skule skal vere ferdig til bruk ved skulestart hausten 2020 med ny verkstad og undervisningsfløy. Det nye bygget som skal huse verkstad for mekaniske fag og byggfag, får òg ei undervisningsfløy.
— Vi er godt nøgde med det som blir gjennomført og det som skal skje. Ikkje minst at vi får samle satellittane våre ved skulen i Ølen. Dessutan får vi gode arbeidstilhøve for dei som er her, seier rektor Ruth J. Sæle om den betydelege oppgraderinga skulen er gjennom.
Satellittane er avdelinga i Litledagen i Etne for køyretøy, og byggfag som har lokale i det tidlegare SØK-bygget i Ølen sentrum