Festivalstyret gler seg til ny Sommarfestival førstkomande helg. Hege Birkeland Reimers (t.v.), Jørgen Våg Skjold, Mathias Våg Skjold, festivalsjef Anja Våg Skjold, Øyvind Bakkedal og Jane Elin Owe. Foto: Anita Haugland
Festivalstyret gler seg til ny Sommarfestival førstkomande helg. Hege Birkeland Reimers (t.v.), Jørgen Våg Skjold, Mathias Våg Skjold, festivalsjef Anja Våg Skjold, Øyvind Bakkedal og Jane Elin Owe.
Oskar Kringeblotten (t.v.) stod for utdelinga av Anton Holtens minnepris, der Lydia Haugan Helland vann musikarprisen og Anja Våg Skjold fekk frivilligprisen. I midten står Øyvind Blikra.Foto: Øystein Silde Frønsdal
Oskar Kringeblotten (t.v.) stod for utdelinga av Anton Holtens minnepris, der Lydia Haugan Helland vann musikarprisen og Anja Våg Skjold fekk frivilligprisen. I midten står Øyvind Blikra.

Eldsjela gler seg til ny festival

Førre helg blei ho heidra med eldsjelprisen frå Anton Holtens Minneforening. Anja Våg Skjold (43) blei både stolt og rørt.

Publisert Sist oppdatert

— Det var ikkje så lett å seia noko på laurdag. Det var ei kjenslemessig sterk oppleving. Eg er utruleg takknemleg og rørt over å ta imot denne prisen, som er heilt i tråd med Anton si ånd, fortel Anja Våg Skjold frå Vikedal.
Den 23. september 2017 omkom Anton Holten frå Vikedal i ei ulukke i Bergen. I februar 2018 blei det arrangert ein minnekonsert for å heidra han. Samstundes blei Anton Holtens Minneforening oppretta, og det blei også bestemt at inntektene frå kvelden skulle nyttast til å dela ut to prisar. Den eine prisen skal heidra ei eldsjel, og det var denne prisen som blei delt ut til Anja Våg Skjold under Rootsfestivalen.
— Eg hugsar Anton som ein engasjert og positiv ungdom. Dette er ein fin måte å heidra minnet hans på. Eg er både stolt og rørt. I Vikedal er det mange eldsjeler som kunne fått denne prisen, seier Skjold.

Engasjert dame

Ho er sjef for Sommarfestivalen i Vikedal det sjette året på rad. Tidlegare har ho vore ein av motorane» for å få på plass både idrettshall og barnehage i bygda. Ho har også engasjert seg i arbeidet for å få kunstgrasbane i bygda, ho har vore volleyballtrenar i 20 år, i tillegg til å engasjera seg i styret, og ho har vore aktiv i 4H-arbeidet.
— Korleis får du tid til alt?
— Eg har ikkje gjort alt på same tid. Eg trur det er viktig å plukka ut noko du brenn for, i staden for å seia ja til alt. Då har du kapasitet til å følgja opp det du takka ja til. Idrettshallen er nok det som har teke mest tid, men slikt arbeid blir enkelt når du har så gode folk meg deg. I Vikedal er det mange av dei, meiner Skjold.
43-åringen vedgår likevel at det var godt ho ikkje visste kor mykje arbeid som kravdest, før ho gjekk i gang med engasjementet rundt idrettshallen.
— Prosjektet var eit samarbeid mellom folk frå Vikedal, Sandeid og Imsland. Difor ønskjer eg at prispengane går til nytt utstyr idrettshallen, der ungdomsskuleelevar frå alle desse tre bygdene har gymnastikk i skuletida, seier Skjold.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS