Etne med ny varmerekord

Det har vore varmt over heile landet fredag, og i Bergen blei det sett ny varmerekord to gonger i løpet av dagen. Aller varmast var det derimot i ei av grannarbygdene. Ved den offisielle målestasjonen i Etne blei det i 17-tida målt heile 34,8 grader, melder meteorolog Reidun Holmøy ved Meteorologisk institutt.

— Me har ikkje den fulle oversikta ennå, men av det me har fått sjekka er Etne varmast, opplyser ho.

Temperaturen er den høgaste som nokon gong er målt i Hordaland. Dette skjer ganske nøyaktig eitt år sidan den gamle rekorden blei satt 26. juli i fjor, då det blei lest av 34,4 grader på termometeret.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS