Har pakka ned 21.000 bøker
Boksamlinga ved Vindafjord folkebibliotek er redusert med 10.000 eksemplar. Bibliotekdrifta er i endring. I dei nye lokala skal biblioteket også vera ein kreativ møtestad.
— Me byrja ryddinga for rundt eitt år sidan. Dei 10.000 eksemplara som er kasserte, er ikkje berre bøker, men ulike media. Me skal til dømes slutta med musikk, det er gått ut årgangar av tidsskrift og DVD-ar og lydbøker som er gamle og slitne, fortel Guri Ravatn, ein av dei tilsette ved Vindafjord folkebibliotek.
Noko er gjeve vekk til skular, barnehagar og privatpersonar.
— Ettersom tida går, blir me godt kjende med lesarane våre. Etterkvart som me har rydda, så har me gjerne tenkt at oi, denne boka passar til henne», og så har me gjeve vekk boka i staden for å kasta ho, fortel Ravatn.
Nasjonalbiblioteket har også fått tilsendt dei bøkene som dei ønskte å ta vare på.
Tre opningar på same dag
Målet er at dei nye biblioteklokala på Sjøperlo skal vera klare til opning rundt 1. september. Før den tid skal 500 esker med bøker setjast på plass.
— Opninga blir litt endra i forhold til utgangspunktet. Teknikken og digitaliseringa må vera på plass før publikum kan komma, fortel Silje Holden Birkeland, også tilsett ved biblioteket.
Den 28. september blir det trippel snorklipping i Ølen. Då skal både Vindafjord beredskapssenter, Sjøperlo og den nye aktivitetsparken ha offisiell opning.