Sykla for barnekreftsaka
Roy Martin Øyjord (56) og Ingunn Frette (55) har tråkka seg frå Oslo til Paris til inntekt for barnekreftsaka. På gul sykkel, med gul trøye og gul hjelm har dei gjennom Team Rynkeby sykla inn over 30.000 kroner.
Laurdag 6. juli nådde etnebuane Roy Martin Øyjord og Ingunn Frette, saman med mange andre syklistar målet sitt; Paris. Då hadde dei lagt bak seg ni dagar på to hjul. Først frå Oslo til København, og deretter gjennom Tyskland, Nederland og Belgia, før dei kryssa grensa til Frankrike. Gjennom Team Rynkeby som har sitt primære føremål å samla inn pengar til barn med kritiske sjukdommar, gjennomførte 250 nordmenn distansen i år. I Noreg går dei innsamla midlane til Barnekreftforeningen, som skal bruka pengane til forsking. Totalt deltok 2.500 syklistar frå heile Skandinavia, med fellesstart i København.
— Å få vera med på ein slik sykkeltur for ei så god sak, har vore heilt fantastisk. Eg har følgt med på Team Rynkeby i fleire år, og for første gong blei eg med som ein del av laget, seier Roy Martin Øyjord som definitivt ønskjer å søkja seg med til neste år.
Ingunn Frette var også debutant, og sjølv om ho synest det var ei stor oppleving å sykla inn i Paris, var det nesten enda større å fullføra etappen dagen før.