I Kommunebarometeret 2019 gjer Etne det best på saksbehandling.Arkivfoto
Ytterlegare nedgang på barometeret
Kommunal Rapport har igjen funne fram barometeret og kåra den beste kommunen. Dei lokale skårar dårleg.
Kommunebarometeret 2019 blei klart i byrjinga av månaden. I barometeret blir kommunane rangerte etter 151 nøkkeltal på tvers av 12 ulike seksjonar. Hensikta med barometeret er å gi eit lettleseleg bilete på korleis kommunane driv. Tala er i hovudsak tufta på Statistisk sentralbyrå si Kostra-base frå 2018, som står for Kommune-Stat-Rapportering. Også kjelder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking er nytta i målinga.
Ned frå året før
Etne hamnar heilt nede på ein 363. plass blant landet sine 422 kommunar. Vindafjord skårar betre, men må også sjå seg slått av ein god brorpart av kommunane. Kommunen er rangert som nummer 258 i den endelege utgåva av barometeret for 2019. Både Vindafjord og Etne skriv seg nokre nummer lenger nede på lista enn i fjor, då dei blei rangerte som høvesvis 233 og 349. Ein kommune med lågt inntektsnivå vil generelt ha dårlegare plasseringar enn ein kommune med høge inntekter, ifølgje kommunal-rapport.no.