Årets sommarsesong har vore ein fantastisk opptur for bærsalet lokalt. Wenche Torstveit har satt både far, mor og mann i arbeid, og saman med sjølvplukkarane har dei sanka kring 600 kilogram bringebær i laupet av sesongen. (f.v.) Morten Helleberg, Wenche Torstveit og Johannes Torstveit. Foto: Sirianne Vikestad
Årets sommarsesong har vore ein fantastisk opptur for bærsalet lokalt. Wenche Torstveit har satt både far, mor og mann i arbeid, og saman med sjølvplukkarane har dei sanka kring 600 kilogram bringebær i laupet av sesongen. (f.v.) Morten Helleberg, Wenche Torstveit og Johannes Torstveit.
Brunbia er den viktigaste arbeidssjela som Wenche har i bringebærbuskane sine. Etter nokre veker berre, er dei så utsletne at dei dør. Dermed har dei seks dronningane hennar det travelt med å leggja egg for å halda arbeidsstokken stor og flittig gjennom heile sesongen.

Glen ampel er ei hardfør skotsk bringebær som tolar litt frost og varierande vêr. Enda er det to veker att av sesongen.
Glen ampel er ei hardfør skotsk bringebær som tolar litt frost og varierande vêr. Enda er det to veker att av sesongen.
Torstveit planta 600 buskar i 2010. Og med god hjelp frå landbruksrådgjevinga har læringskurva vore både bratt og morosam for vatsbonden.
Torstveit planta 600 buskar i 2010. Og med god hjelp frå landbruksrådgjevinga har læringskurva vore både bratt og morosam for vatsbonden.
Gardslivet i Vats har blitt livsendrande til samanlikning med tida då Morten Helleberg og kona budde på Sola.
Gardslivet i Vats har blitt livsendrande til samanlikning med tida då Morten Helleberg og kona budde på Sola.

Det gode liv med søte bær

Kvar dag i heile sommar har Wenche Torstveit og kring 300.000 husdyr sytt for at det har vore mogleg å få tak i lokale bringebær i Grannar-distriktet.

Publisert Sist oppdatert

Det høyres kanskje litt mykje ut med 300.000 husdyr, men det er det Wenche likar å kalla biene sine. For like bortanfor bedehuset i Nedre-Vats ligg det ein godt gøymd gard som husar både folk, fe og over 300.000 bier.

Biene flytta inn i fjor då Wenche Torstveit byrja med bikubar for å sikra gode bringebær til sommaren. Dette har vore så vellukka at dei to bikubane ho starta med i fjor auka med fire til i år.

I kvar kube bur det mellom 50-60.000 flittige arbeidsbier som samlar nektar og pollinerer dei vel 600 bringebærbuskane, så vel som frukttrea i hagen og anna planteliv i nærområdet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS