Frode Selvaag vaks opp i Sandeid og har tatt med seg mykje inspirasjon frå fjorden inn i sitt kjøkken.
Foto: Ryfylkekokken
Glad i matopplevingar og sjø
Ryfylkekokken Frode Selvaag takkar både mormor og farfar for interessa han sjølv har for matlaging og livet på sjøen. Nyleg fekk han Ingridprisen på Gladmaten i Stavanger, og i helga var han sjefskokk på Etnir Duggurd.
Frode Selvaag er oppvaksen på Sandeid, og reiser framleis til Sandeid når han skal heim til mor.»
Men eit par små knekk» i dialekt og tonefall røper at det er nokre år sidan han budde heime. Sidan den gongen har han opparbeidd seg ein solid posisjon som kokk, og hans brennande engasjement for god mat er smittande.
Hans mantra i alle år har vore å aldri seie nei til ein førespurnad, og det har ført han framover til både gode opplevingar, gode folk og nye utfordringar.