Kenneth Hegerland redda uavgjort for Etne. Arkivfoto: Magne Skålnes
Kenneth Hegerland redda uavgjort for Etne.

Midtstopparveteran redda poeng for Etne

Som i vårkampen mellom laga vart fredagens kamp i Etne både målrik og jamn. 4-4 enda oppgjeret på Frakkagjerd i april, medan det denne gongen vart 3-3 på Etne Stadion.

Etne tok leiinga tidleg ved Åsmund Norheim, noko som vart den einaste skåringa i den første omgangen. I andre skåra laga i tur og orden, heilt til gjestene gjekk opp i leiing 2-3 etter 65 minuttar.

Heimelaget Etne jaga ei skåring, medan klokka tikka mot full tid. Og fem minuttar før slutt var det midtstopparen Kenneth Hegerland som var siste mann på ballen, då vertane greidde å utlikne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS